Vandraren -ujevnt landskap
Workshop nummer to i Verkstad da Vinci vart gjennomført for elevane på 5.trinn, 22.oktober 2021, saman med bevegelseskunstnarar Tonje Aas Molnes, Espen Linn og dramatiker Eldrid S. Kvalvik.
Kunstnarane sitt ønskje med prosjektet var å arbeide fram bevegelsar i improvisasjon og leik, med fokus på formidling med kroppen som reiskap.
Vandreren -Ujevnt Landskap– er ei forestilling som tek publikum med på ei runde i Ålesund sentrum. Det er plukka ut 5 unike plassar blant anna rundt Skansekaia og Brosundet i Ålesund. Forestillinga vert arbeida fram i Mottaket, og elevane fekk eit innblikk i prosessen.
——
Workshop:
Elevane gjer ei rekke oppvarmingsøvelsar to og to saman, etter instruks frå Tonje og Eivind. Elevane må bytte partnar mellom kvar øvelse, og det bli mykje fliring og god stemning. Etter oppvarminga snakka Tonje og Eivind litt om bevegelse. Korleis kan ein lage ulike bevegelsar? Kva er dans?
Så fekk elevane i oppgåve å lage runde bevegelsar, spisse former, små bevegelsar, store bevegelsar og til slitt late som dei ikkje hadde bein i kroppen.
Etter elevane hadde utforska dei ulike bevegelsane vart dei delt inn i grupper. No skulle dei skal lage kvar sin bevegelse og sette saman til ei bevegelsesrekke. Tonje, Eivind og Eldrid modellerte og viste kvar sin bevegelse som alle tre måtte lære for så å danse dei saman. Når alle elevgruppene hadde satt saman si bevegelsesrekke ville dei syne fram sin lille koreografi til vill jubel og applaus frå tilskuerane.
Heilt til slutt viste Tonje og Eivind eit utsnitt av ein dans dei skal framføre i forestillinga Vandraren- ujevnt landskap, som dei har jobba med i Mottaket denne veka. Elevane vart svært begeistra over det dei fekk sjå og hadde mange spørsmål til dansarane etterpå.
Takk til Tonje, Eivind og Eldrid, og elevane på 5.trinn for ei kjekk oppleving i Verkstad da Vinci!