I den sjette workshop’en i Verkstad da Vinci fekk elevane frå Hessa skule endeleg komme til Aggregat kunstnerfellesskap på besøk! Den 18. februar 2022, fekk dei jobbe med stop motion animasjon saman med biletkunstner Ivan Dujmusic og forfattar Bjørn Vatne heile dagen.
Forfattar Bjørn Vatne sitt ønskje med workshopen i Verkstad da Vinci er å vise at det kan vere morosamt å skrive ei historie, og å leike seg med språket. Biletkunstnar Ivan Dujmusic er oppteken av korleis fortelje ei historie, også utan språk, men heller gjennom det biletlege. Saman har dei mykje å lære elevane.
——
Workshop:
Når elevane kjem til Aggregat sin fellesverkstad går dei i grupper og pakkar ut figurane som dei har laga tidlegare. Så sett dei i gong med å diskutere korleis dei skal byrje å filme historia si og kva figurar dei treng.
Så vert elevane instruert av Ivan i korleis dei skal plassere ipaden på animasjonsboksa, korleis dei åpnar appen dei skal bruke, istop motion, og korleis det er lurt å jobbe med fart og retning i bileta dei tek. Så er det berre å sette i gong med å ta bilete, jo fleire bilete jo mjukere overgongar blir det i filmen.
Når elevane er nøgde med bileta, har spilt av filmen, tatt fleire bilete, justert igjen og spilt av igjen er dei endeleg ferdig med sjølve animeringa. Då importerar dei videoen over til appen iMovie, der dei kan redigere uttrykket. Og når det nærmar seg slutten av dagen så er dei klar til å spele inn dialog. Nokre grupper har dialogen klar, skriven ned på ipaden, mens andre improviserar samtidig som dei les inn.
Når elevane er heilt ferdige med videoane så lastar dei dei inn i kamerarullen på læringsbrettet slik at det vert ei ferdig fil. Filmane vert til og med sendt til NRK og vist på distrikstnyhetene tysdag 22.02.2022!
Distriktsnyheter Møre og Romsdal – 22. feb. kl. 20:00 – NRK TV
Takk til Ivan og Bjørn, og elevane på Hessa skule for ei kjekk oppleving i Verkstad da Vinci!