Fyste workshop i Verkstad da Vinci vart gjennomført for elevane på 5.trinn, 7.oktober 2021, saman med biletkunstnar Anniken J. Hessen.
Saman med kunstnar Andrea Grundt Johns jobba ho med prosjektet Puslespel og Havfruetårer.

Kunstnarane sitt ønskje med prosjektet var å skape rom for å lære, fabulere, undre og skape, med hav og vatn som utgangspunkt.

Kunstnarane utforska sitt forhold til havet og kva dei som kunstnarar kan gjere og bidra med i miljødebatten. Som produsentar av kunst forsøker dei å vere bevisst sitt ansvar og ikkje overprodusere eller overforbruke. I dette prosjektet utviklar dei arbeidsmetodar som er meir miljøvennlige: bruke funnet materiale (som søppel), materiale som allerede eksisterar, og ikkje minst gjenbruk av materiale frå tidlegare prosjekt.
——

Workshop:

Elevane på 5.trinn plukka søppel rundt skuleområdet som dei vaska og sorterte slik at dei kunne bruke materialet i workshopen saman med Anniken. Elevane valgte seg så nokre bitar med søppel som dei skulle jobbe vidare med. Anniken forklarte nøye korleis ein kan lage eit kaleidoskop, og her skjedde det jammen mykje spanande! Fargar og former som bevegar seg inni kaleidoskopet lagde vakre mønster og rytme.
Elevane fekk dekorere som dei ville og mange valgte å pryde kaleidoskopa med inspirasjon frå havet.

Etterpå kunne elevane filme med ipad inn i kaleidoskopet, og resultatet vart nokre fantastiske kunstvideoar!

Takk til Anniken J. Hessen og elevane på 5.trinn for ei kjekk oppleving i Verkstad da Vinci!