I den ellevte workshop’en i Verkstad da Vinci fekk elevane frå Volsdalen skule lære om Karbonlagring saman med biletkunstnar, Liv Dysthe Sønderland.
Kunstaren sitt ønskje med workshopen i Verkstad da Vinci var å invitere elevane til Mottaket for å teikne med kol, i forbindelse med sommersolverv. Teiknekurset var knytt opp mot natur-mangfoldet vi kan sjå rundt oss om våren, og plantar i nærområdet.
Tema: naturens eigenskapar for karbonlagring.
——
Workshop:
Elevane plukkar blomar og snakkar om artsmangfald i naturfagstimen på skulen.
Når elevane er på vei til Mottaket , så plukkar dei blomar og vekstar på vegen. Dei plukkar så mange ulike planteartar som dei kan finne.
Når elevane kom til Mottaket vart dei bedt om å setje seg på gulvet slik at kunstnaren fekk presentere seg sjølv og litt om sitt kunstnarskap. Elevane hadde med seg blomar og vekstar dei hadde plukka, og kunstnaren gjekk gjennom nokre av vekstane dei hadde funnet. Så gjekk samtalen over på mangfoldet i naturen, dens betydning for klima, truede artar m.m. Elevane kunne ein del om fotosyntese og visste dermed litt om kva som skjer når plantane «pustar». Så vart det diskutert litt om naturen sin eigenskap for karbonlagring i plantar, trær og fauna.
Så satt elevene seg rundt eit langbord der dei skulle teikne på lange papir rullar. Kunstnaren introduserte ulike teikneøvingar og «utfordringar».Først skulle dei teikne blomar utan å sjå på arket. Det teiknefaglige handla om at teikning er knytt til å sjå og observere. Teknikkane elevane gjekk gjennom er gode for å øve opp observasjonsevnen for ikke å tegne skjematisk – slik dei trur motivet ser ut, – og heller bruke augene og sjå nøye etter linjeforløpet i planten.
Etter ca. 10 minutt med teikning av blomar utan å sjå på arket fekk elevane ei ny oppgåve. No skulle dei teikne den personen som satt rett overfor dei, også utan å sjå på arket. Dette synes elevane var litt vanskeleg, men veldig morosamt, og det vart mange gøyale teikninger. Når elevane hadde prøvd dei ulike teikneøvingane fekk dei utdelt sine eigne ark, og kolstiftar. Kunstnaren snakka litt om at også kol er ein form for karbonlagring.
Så kunne elevane sette seg på gulvet og teikne dei vekstane dei ville, stort på arket sitt.
Avslutningsvis hadde elevane ein gjennomgang av verka saman med kusntnar, og reflekterte rundt resultatet av det dei hadde lært.
Takk til Liv, og elevane på Volsdalen skule for ei kjekk oppleving i Verkstad da Vinci!