Den tredje workshop’en i Verkstad da Vinci vart gjennomført for elevane på 5.trinn, 2.desember 2021, saman med regissør og dramatiker, Eldrid Schrøder Kvalvik, musiker, Lena Nymark og skodespelar, Preben Lillebø Rongve.

Kunstnarane sitt ønskje med prosjektet var å skape ei framsyning/eventyrstund der elevane er deltakande aktørar. Borna skal vere medskaparar både når det gjeld lydar, musikk og dramatisk handling. 

Dei 3 kunstnarane er eit nyetablert kompani, som har møtt kvarandre  gjennom delt kunnskap og erfaring med improvisasjon.

——

Workshop:

Kunstnarane samla alle elevane i ein stor sirkel, og forklarte at dei skulle starte med å varme opp, siden dei skulle vere med å delta i eventyrstunda. Først  ei runde med «stiv heks», deretter leikar elevane hermegåsa. Så skal dei forsøke å etterligne ein skog, skodespelerane instruerar om korleis dei kan strekke armane sine ut som greiner, og latar som om det blæs ein vind gjennom skogen, – kva skjer med trærna då?
Er det nokre lydar i skogen? Korleis høres dei ut? Vind, dyr, greiner som knekk.
Kanskje er der nokre fuglar?

No er elevane klare til å sette seg ned og høyre på historia om Hans og Grete. I denne versjonen er mora til Hans og Grete lærar, og ho har forsvunne saman med elevane sine på klassetur i skogen. Når Hans vert redd så syng Grete ein song som mora har lært dei, for å trøste han.
Når Hans og Grete treff på heksa i pepperkakehuset, så viser det seg at heksa ikke tåler å høyre song. Så då må elevane i puplikum hjelpe Hans og Grete å synge, «Stå opp! For deg sjølv…». Heksa blir så fortvila over å høyre songen at ho dett inn i kakkelomnen, og då blir endeleg forhekselsen brutt.
Mora til Hans og Grete og alle elevane som hadde forsvunne på skuletur kjem tilbake når trolldommen blir brutt. Alle vert så glade at det blir stor fest i bygda, med song og dans.

Takk til Lena, Preben og Eldrid, og elevane på 5.trinn for ei kjekk oppleving i Verkstad da Vinci!