Trine Røssevold

Mitt kunstnerskap er knytt til måleriet og det er her eg gjer mine utforskingar. Måleriet har gjennom lange tider vore ein upålitelig dokumentarist. I dette ser eg eit rom for å konstruere ei eiga røynd. Her knyt eg i hop ulike saker som eg grublar over, og gir det eit uttrykk. Eg er opptatt av ting eg ikkje får til å stemme. Slik som tru, makt, avmakt, det synlege opp mot det usynlege.

Eg jobbar heilskapleg med måleria mine der staden eg viser bilda vert sett i samanheng med innhald, fargebruk og komposisjon. Ingen stad er nøytral. Eg skriv også tekster og framfører desse, eller utfører performative handlingar.

Andre artister

Visuell kunstnar

Sara Artang

As a digital and visual artist, I merge computer science with traditional Eastern

Les mer