For første gong har Møre og Romsdal fylkeskommune delt ut reisestipend til profesjonelle kunstnarar. Stipendet skal bidra til kunstnarleg utvikling. Karin Augusta Nogva er ei av dei som fekk reisestipend. Til våren blir det studietur til Japan. Nyleg fordelte fylkeskommunen 100.000 kroner til fire kunstnarar. Karin Augusta Nogva frå Ålesund fekk det største stipendet, på 45.000 kr. Til våren går turen til Tokyo, Kyoto og Nara.